torsdag 29. oktober 2009

BOKMÅL OG NYNORSK



For meg er det ikkje eit spørsmål om nynorsk ELLER bokmål, for meg er det ja-takk til begge delar!
Dei siste månadene har eg byrja å skriva på nynorsk i dagboka mi, der eg i alle år har skrive bokmål, og eg har på nytt tenkt gjennom kvifor eg har skrive bokmål i brev og dagbøker i alle år.
Eg vaks opp i ei nynorsk-kommune, og hadde såleis nynorsk som hovudmål i grunnskulen. For meg – som kanskje hadde lett for å lære skriving og lesing – var det egentleg heilt ideelt med nynorsk som hovudmål, for så fekk ein liksom bokmålet attåt heilt gratis. Bokmålet kom seg inn i hausen på ein - anten ein ville det eller ikkje.
Bokmål var (og er) ein omgjeven av på alle kantar – i TV, i radio, i avisene – jamvel dei aller fleste bøkene ein fekk tak i og slukte, anten på folkebiblioteket eller på skulebiblioteket, var på bokmål.
Eg trur at eg på ein eller annan måte må ha fått for meg at bokmål var meir ”litterært”, kan hende eg jamvel tykte bokmål var ”penare”, eller hadde meir status?
Heilt frå eg starta å skrive dagbok 10 år gamal, eller skreiv dei fyrste breva mine, antakeleg endå yngre, har eg nytta bokmål til den slags.
Og dei litterære krumspringa mine har nesten utelukkande vore uttrykt på bokmål.

Då eg var som mest forvirra og fortvila av di ingen forlag ville ha manusa mine, prøvde eg litt av kvart i desperasjon etter å tekkast forlaga. Eg hadde laga ei barnebok som eg, etter nokre nei-takk frå ulike forlag, sette om til nynorsk i von om at ”nynorsk-kvota” skulle redda meg. Den planen ga heller ikkje det ynskte resultatet, men det var no moro å prøva!

Eg kjenner at klangen eller musikken i nynorsk er så annleis enn bokmål. Er ikkje annleis bra? ;-)
Eg kjenner at nynorsken er nærare hjartet mitt, men likevel kjem eg nok til å halde fram med å skrive manusa mine på bokmål. Rett og slett av di eg ynskjer å nå så mange lesarar som mogleg. (Grisk veit du – fæle kjerringa!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar